Keeper i Øystese og keepertrenar i Brann

Øystese sin keeper Thomas Solberg er også keepertrenar for aldersbestemte spelarar i Brann. Han har ansvaret for G14, G16 og G19 keeperane til Brann
Webredaksjonen har spurt han kva som er best og verst med å vera keepertrenar i Brann:

Kva er best med å vera keepertrenar i Brann ? Det er veldig motiverande å jobbe med unge treningsvillige og gode keepere. Samtidig er det veldig lærerikt å jobbe med dei mange gode trenarkreftene i Brann.

Kva er det verste med å vera keepertrenar i Brann ? Treningsøktene med Brann medfører at eg går glipp av dei fleste treningsøktene med Øystese. Derfor får eg desverre ikkje bidratt like mykje som eg kunne tenkt meg i Øystese

Øystese fotball ynskjer Thomas lykke til i trenarjobben i Brann!

By | 2012-10-08T19:51:36+00:00 8. oktober 2012|0 kommentarer