Då Øystese sitt 12 års lag møtte Fri i vår tapte dei 4-5 på heimebane. Men då dei denne veka møtte dei på bortebane vann Øystese 9-0 etter mål av Mathias Johansen (5), Eirik Tjøstheim, Sigbjørn Lillevik Botnen, Morten Øyri og Thor Bjørke. I følge trenar Asle Tjøstheim lurte bergensarane på om det var samme laget. Men svaret er at guttane frå Øystese fødd i 2000 har hatt ein enorm utvikling i løpet av sesongen.  Det er ei gruppe med 14 gutar frå Øystese som i tillegg til å spela på sitt lag også har hjelpt Norheimsund sitt gutt 00 lag då dei berre er 6 gutar.  Det har derfor vore eit reint Øysteselag og eit lag blanda med spelarar frå begge bygdene. Totalt er dei 20 gutar som er klare for å starte med 11er fotball neste år 

Laget  har også vore med til Sogndal cup som var veldig kjekt for både spelarar og trenarar.

Med ein kjempeavslutting på siste kamp der Øystselaget vant 9-0 mot Fri borte på Espeland grusbane er gutane i rute for neste sesong.