Øystese sin keeper Thomas Solberg vart i dag offisielt presentert som Tromsø sin nye keepertrener.  Dette innebærer at det blir noko lang veg til Øystese sine kampar og at Thomas muligens har spelt sin siste kamp for Øystese.  Webredaksjonen fekk eit par ord med Thomas

Gratulera med ny jobb – korleis vert dette ?  Dette vert spennande både for meg og familien.  Me flytter opp heile gjengen og vert tromsøværinger.  Spennande både med ny jobb og ny by. Samtidig vert det utruleg givande å jobba med so mange flinke folk som det er her i Tromsø.  Mykje flinke folk både i klubbledelse og på treningsfeltet

Vil me sjå ein straum av Øystesespelarar til Tromsø no ?  Ja kanskje det.  Du skal ikkje sjå vekk i frå da. Kanskje me skal innvitera nokon Øystesespelarar opp på prøvespel

Vert det noko fleire kampar for Øystese ?  Det vert nok vanskleg å kombinera med jobben i Tromsø ellers hadde eg vore klar til å utfordra Morten om keeperplassen i 2013 men eg er jo ein ung mann so skal aldri sei aldri om framtida:-)

Øystese Fotball ynskjer Thomas lykke til i Tromsø og veit at Tromsø har fått ein flott keepertrenar i sine rekker