Svært tett trafikk pga stengte veger ved Stanghelle gjorde at 12 mann på Øystese 2 ankom ca 10 minutt før kampstart mot Minde. Mangelen på oppvarming såg ikkje ut til å ha nokon negativ effekt på kampen då Øystese tidleg gjekk opp i ein 2-0 leiing etter mål av Arne Øystese og eit herleg sjølvmål.  Antin Fediuk får eit spark i ansiktet men den stabile midtstopperen fortsetter å spele.  Etter ei stund må han likevel gå ut.  Etter kampslutt tar me han for sikkerhets skuld innom legevakten og der viser det seg at det er brudd i kinnbeinet. Øystese fomler ein ball i mål samt eit godt skot frå Minde gjer at det plutselig står 2-2. Arne Øystese som var frisk på topp vert felt i straffefeltet. Straffe til Øystese som superveteran Roger Vassnes plasserer sikkert i mål. Øystese aukar til både 4-2 og 5-2 ved Øyvind Aarhus før ein ny stygg skade lager krise. Uten innbyttere må Øystese fullføre siste 40 minuttane med 10 mann. Når dei 10 som står att i tillegg begynner å bli utkjørt medan Minde kan kaste innpå nye friske bein vert det lange minutt på slutten. Minde reduserer til 5-3 og 5-4 og det er fortsatt 20 minutt att.  Dei siste 20 minuttane er omtrent eit einaste langt Minde angrep. To gonger smell det i stolpane men Øystese kjempar innbitt. Til slutt blåser dommaren for full tid og tre poeng kan bli med heim til Hardanger.  Me ynskjer Antin god bedring og håper han snart er klar til innsats att.