Guttelaget hadde i kveld kamp mot Gneist som leda avdelinga på målforskjell foran Øystese. Sidan stjernespelar Hans Berge var i konfirmasjon var det ein viss usikkerhet om ein kunne slå serieleiaren. Og det byrja svært dårleg. To kjappe baklengs og under med 0-2 i starten av kampen. Men guttelaget viste moral. Sidan Gneist hadde utelukkande 97 modellar på laget medan Øystese hadde 5 stk 99 modellar var ein i snitt ca 20 cm lavere enn motstanderane. Med andre ord ingen sjanse til å slå dei i duellane men i staden for kunne ein spele dei ut. Kjappe til beins og fint spel sørga for at Øystese rulla opp det eine fine angrepet etter det andre. Men stengene står i vegen eller so er avslutningane for dårlege heilt til Simon Høyland setter inn reduseringa. I andre omgang tar Gneist leiinga både 3-1 og 4-2.  15 minutt før slutt ligg Øystese fortsatt under med to mål. Men to kjappe mål av William Johansen skaper balanse i rekneskapen. Då kampen ser ut til å enda med poengdeling tar dagens kaptein Lars Henrik Hellingsrud ansvar. Bryter eit angrep, setter fart framover, finter vekk eit par Gneist spelarar og setter ballen i mål. 5-4 like før slutt og demotiverte Gneistspelarar må sjå at alle poenga vert med heim til Øystese. Dermed er det Øystese som leiar tabellen etter 4 strake seiere
Rett etter kampen bar det avgårde til Brann Stadion og innsats som ballgutter i kampen  Brann – Start. Også her gjorde Øystese sitt guttelag ein god jobb