B laget var kun 11 mann då kampen mot Frøya starta men det gjorde ingenting. 4 mål på dei 4 fyrste skota gav ein pangopning med 4-0 til heimelaget etter ti minutter. Scoringer signert Eirik Flotve (2), Arne Øystese og Christoffer Gjerde. Kampen roa seg litt ned etter den fabelaktige opninga og etterkvart kom det eit par juniorar slik at Øystese også hadde eit par innbyttere på benken.  B laget sin spelande trenar Eirik Flotve var i storslag i dag og med sin tredje scoring i fyrste omgang sørga han for at Øystese leia 5-0 til pause. Flotve fortsatte å pøse inn mål etter pause. 2 nye mål samt eit til av Arne Øystese gav komfortable 8-1 siger til heimelaget.  Dagens oppvarming stod Børge Flotve og Eirik Gjøsæter for.  Begge kom direkte frå gjennomført Bergen-Voss til kamp men leverte likevel solide prestasjoner i henholdsvis mål og på midtbanen