Guttelaget måtte spela to kamper på to dager då ein utsatt kamp mot Nore Neset var vanskleg å plassera andre plassar enn dagen etter kampen mot Granvin. På torsdag vart Granvin sendt heim med 7-2 etter mål av Lars Henrik Hellingsrud (3stk) , Gøran Andersen (2 stk) , Henrik Femsteinevik og Mathias Johansen. I dag vart Nore Neset nedsabla med heile 17-0 i ein litt merkleg kamp. Nore Neset var heilt på høgden dei fyrste 10-15 minutta og hadde fleire gode sjanser på stillinga 0-0, men so fekk Øystese to kjappe mål og då datt Nore Neset fullstendig saman.  Henrik Femsteinevik (2 stk), Andreas Henriksen Cats (2 stk) , Gøran Andersen (3 stk), Lars Henrik Hellingsrud (6 stk), Magnus Hove Eide(2stk) Mathias Johansen og Hans Berge jr sørga for at det blei heile 17 baller å ta ut av nota for Nore Neset keeper.

Guttelaget til Øystese står no med 7 strake seiere og leder serien. Også neste veke vert det to kamper for guttelaget. Fyrst heime mot Fana på torsdag og deretter heime mot Kalandseid/Søfteland på søndag. Trenar Endre Brenne oppfordrar Øystesefolk til å komme å sjå på framtidige stjerner på torsdag og/eller søndag