Øystese 2 tok i dag sin andre strake heimesiger med 5-3 over Osterøy. Sist helg vart Minde 2 sent heim med 3-1 tap etter at John Koala, Eirik Flotve og Alton Beer satte inn kvart sitt mål. B laget klarte også å brenne to straffespark i samme kampen

I kveld var Osterøy 2 motstander og Øystese tok kjapt leiinga ved Arne Øystese. Bjørn Kristian Vines som spelte ein solid omgang som midtstopper var oppe på corner og nikka inn 2-0 før Arne Øystese satte inn 3-0. 3-0 var og pauseresultatet i ein omgang Øystese var det klart beste laget. I andre omgang snudde kampbildet og Osterøy var det beste laget. Arne Øystese fullførte sitt hattrick og gav Øystese 4-0 før Osterøy tok over. To reduseringer før John Koala roa nervene på Øystese benken med 5-2 målet. Osterøy reduserte ein gong til og hadde eit par feite sjanser på slutten, men Øystese rodde inn sigeren og tok sin andre strake heimesiger