Vaulen kom i dag den lange turen frå Stavanger for å kjempa om poeng i Hardanger. Vaulen ligg utsatt til og kjemper desperat om poeng for å overleva i divisjonen. Etter fyrste omgang såg det svært mørkt ut med tanke på poeng for Vaulen. Øystese leverte ein solid omgang.  To mål av Espen Bjørkevoll og to mål av Karsten Raunehaug sørga for ein komfortabel 4-0 leiing til pause. Etter pause slepp Øystese bortelaget inn igjen i kampen. Tre reduseringer får Vaulen men poeng vart det ikkje på rogalendingene. Dermed fekk Øystese revansj for det bitre 5-4 tapet i Stavanger i vår.

Øystese Fotball ynskjer Vaulen lykke til i resten av sesongen

Her kan du sjå kva Vaulen skriv om kampen
http://vaulen.com/kamp/010913oystesevaulen.html