Øystese sitt guttelag er i desse dagar på Skagen Cup i Danmark.  Øystese deltar som einaste lag frå Vestlandet og møter tre meget sterke guttelag i puljespelet.  Fyrste dagen vart det siger 2-1 over Langhus etter scoringer av Martin Veastad og Sebastien Mukula.  I andre kampen vart Flint Tønsberg slått med 4-1 etter scoringer av Simon Høyland, Kjetil Dørum Lie, Chriss Ronny Håheim og Mathias Johansen.  Det må nevnast at begge desse laga er heilt i toppen i sine interkrets serie på Østlandet. Flint Tønsberg leder interkrets for gutter i Telemark fotballkrets og Langhus er i toppen i lag med Skeid og Vålerenga i Oslo fotballkrets slik at det er gode lag ein møter.

Siste kampen i gruppespelet var mot guttelaget til Fredrikstad og der fekk Øystese ein lærepenge i godt fotballspel. Avslutningsvis vart det kamp om 5plassen i cupen mot Teie. Den kampen vann Øystese 1-0 etter mål av chris Ronny Håheim.  I tillegg til kamper vart det også gjennomført eit par treninger på strøkne grasbaner i Skagen samt sosial lagbygging slik at Øystese sitt guttelag er godt fornøgd med utbyttet av cupen