Øystese sitt guttelag som vann sin avdeling møter andre avdelingsvinnarar i kampen om å bli mester. I åttendedelsfinalen var Fyllingsdalen motstander borte på Varden i kveld. Fyllingsdalen stilte med 18 stk fødd i 97 medan Øystese var litt meir variert med 5 stk fødd i 97, 6 stk fødd i 98, 4 stk fødd i 99 og 1 fødd i 00. Fyllingsdalen var derfor ca eit år eldre i snitt og ca eit hovud høgare i snitt. Dette såg ut til å prega Øystese i starten og Fyllingsdalen tok leiinga i kampen. Rett før pause spring William Johansen frå alle i Fyllingsdalen sitt forsvar og chipper ballen over keeper når han kjem åleine med han. Sjølv om begge lag har gode sjanser i andre omgang vert sluttresultatet 1-1. Dermed må det ekstraomganger til for å kåra ein vinnar. Heller ikkje i ekstraomgangene klarer nokon av laga å score. Straffesparkkonkurranse vert derfor det som skal avgjera åttendedelsfinalen.

Fyllingsdalen starter med å bomme på sin straffe. Øystese følger opp med å bomme på sin. Fyllingsdalen setter sin andre. Hans Berge kvitterer til 2-2 på Øystese sin andre straffe. Fyllingsdalen går opp i 3-2 før Chris Håheim utliknar til 3-3. Mathias Berge redder mesterleg Fyllingsdalen sitt fjerde forsøk medan Øystese sin fjerde straffe går hårfint utanfor. Fyllingsdalen set sin femte straffe og Øystese må score for å ikkje tape kampen. William Johansen mestrer presset og scorer sikkert. Mathias Berge gjer ein ny strafferedning på Fyllingsdalen sin sjette straffe. Henrik Femsteinevik kan derfor avgjere kampen med sin straffe. Iskaldt set han inn den slik at Øystese vinn 5-4 til stor jubel blant Øystesespelarane

Øystese sitt guttelag fortset sesongen med kvartfinale på søndag kl 16.00 på heimebane.  Kvartfinalen mot Apollo/Nordsiden vart vunnen 4-1 etter scoringer av Simon Høyland, Gøran Andersen, Kjetil Dørum Lie og Mathias Johansen. Sesongen fortsetter med semifinale mot Åsane på heimebane onsdag 20 november kl 20.00.  Møt opp!