23-25 mai er det Øystese cup for born i alderen 6-12 år. I fjor var det ca 700 blide fotballspelarar samla i Hardanger i strålande solskinn. Me håper å sjå ditt lag i Øystese Cup i 2014!

Info om cupen:

Dato: 23-25 mai (lag kan få alle kampane på ein dag om dei ikkje ynskjer overnatting)

Stad: Øystese kunstgrasbane og nærliggande grasareal (alt er i gangavstand)

Klassar: Gutt 6 , 7 , 8, 9 , 10, 11 og 12 år
Jente 6, 7, 8 , 9, 10 ,11 og 12 år

Speletid: 2×13 min (2×10 min for 6 og 7 åringer). Alle får minimum 3 kampar

Antal spelarar: 5er lag opp til og med 10 år. 7er lag for 11 og 12 åringer

Pris: 600 pr lag

Overnatting: Me tilbyr overnatting med frokost og middag på skule. Dersom ein ynskjer å overnatte frå laurdag til søndag er
kostnaden for dette 300 pr prs (inkl frokost og middag). Dersom ein ynskjer å overnatte frå fredag til søndag er
kostnaden for dette 400 pr prs (inkl frokost og middag)
Overnattinga ligg ca 200 meter frå der kampane er.

Div info: Alle deltakarane vert premiert. Det vert open kiosk under heile cupen. Barnedisko på kvelden og generelt god stemning!

Påmelding: Påmelding til post@oystesefotball.no innan 10 mai

Velkommen til Øystese Cup i mai!