Kvams nyaste innbyggar heiter Matias Jordal Møvik som flyttar til Øystese i neste veke.  Matias var tidleg ansett som ein av Hordalands mest spennande talent og gjekk til Brann allerede som 16åring http://bygdalaget.blogspot.co.uk/2008/02/matias-mvik-brann-spiller.html.  Spisskonkurransen i Brann var tøff for ungguten og han gjekk derfor vidare til Løv-Ham http://www.nrk.no/hordaland/matias-movik-til-lov-ham-pa-lan-1.6996680 Då Løv-Ham forsvant i fusjonen med Fyllingen forsvant også Matias til Fana.  Matias er spiss/kant med eit tungt skudd som skal bidra på Øystese dei nærmaste åra

Webredaksjonen fekk eit par ord med Matias før han kjem med flyttelasset

Kvifor kjem du til Øystese no ?

Eg kjem til Øystese fordi eg har lyst å komma meg litt vekk frå Bergen, prøva et nytt miljø. I tillegg virka da som at da e nåke på gong med fotballen der inne. Eg har og nokre gode kompisa som spela der (Anders Næs og Daniel Hatland), i tillegg kjenner eg Erling Fykse godt.

Kvifor flyttar du til Øystese ?Grunnen til at eg vil flytta inn der er som sagt et nytt miljø, ein ny plass! Men eg trur og det er lurt å bu der inne hvis eg skal få til best mulig prestasjonar på bana.

 

Kva er dine ambisjonar på banen ?

Ambisjonanen på bana er heilt klart å kunna vera dominerande! Håpar at eg kan bidra med ein del mål og målgjevande.

Kva veit du om Øystese ?

Eg veit at Øystese er ein veldig flott plass! Har også blitt fortalt at det er veldig greie folk der. Så eg gler meg til å komma inn der.

Nokon ord til fansen ?

 

Formen er ikkje akkurat på topp no, men eg skal jobba hardt fram mot seriestart for at den skal bli bra! Håpar det kjem mykje folk og ser på kampane, det er då eg spelar best.