19 spelarar har i helga vore på treningssamling i Sogndal. To kamper var avtalt. Fyrste kampen mot Sogndal 2 på fredags kveld. Ein tøff og jevn kamp der Sogndal 2 tek leiinga etter kommunikasjonssvikt i bakre rekker hos Øystese. Kaptein Anders Næs tek ansvar og sørger for utlikning på eit kanonskot frå 35 meter. Etter utlikninga presser Øystese på og har fleire gode sjanser. Blant anna eit frispark frå Matias Møvik som treff undersida av tverrliggeren. I følge folk på linja er ballen ein meter inne men uansett ingen godkjent scoring. I stadenfor er det Sogndal som tek føringa. Dei scorer to kjappe og leder 3-1. Øystese setter inn fleire unge spelarar og på slutten spelar ein med to 14 åringer og ein 15 åring. Den eine 14 åringen vert tidenes yngste som debuterer på Øystese sitt Alag (meir om dette i ein egen artikkel) Øystese jager redusering men den kjem aldri. Kampen må og blåsast av før tida på grunn av stygg skade på Matias Møvik. Etter ein duell står fingeren i vinkel. Legevakten er derfor nærmaste stopp. Der får me beskjed om at det er ikkje røntgen i Sogn slik at me må til Førde. På det nærmaste sjukehuset er det kun ein turnuslege på vakt slik at legevaktslegen tar ikkje sjansen på å sende han dit. Me må nesten spørre kva du skal med eit lokalsjukehus om det ikkje er operativt. Uansett Møvik tek turen til Førde, der har dei gløymt å gje beskjed om at han skulle inn og det vert mange timers venting før fingeren kan reparerast. Tilbake i Sogndal 05.00. Den som stilte på trening 09.00 var Matias Møvik!
Laurdag var det kamp mot Kaupanger. Med 7 spelere på skadelista var det kun 12 mann att og Øystese stiller med 14 åringene Simon Høyland og Kjetil Dørum Lie frå start. Også i denne kampen kjem Øystese tidleg under. Kaupanger tek leiinga 1-0 etter eit fint angrep. Stillinga står seg til pause. I pausa vert Øystese einig om at ein ikkje kan reise heim frå Sogndal med to tap. Utlikninga kjem kjapt etter pause. Eit flott løp frå Sebastian Skåre vert slått videre til Bjørn Kristian Vines som dreg seg ned på kanten og slår inn på bakerste. Der står Anders Næs heilt åleine og kan dunke inn 1-1. Neste mål kjem etter flott innlegg frå Simon Høyland som Manuel Vitor kan nikke inn frå to meters hold. Heilt på slutten putter Bjørn Kristian Vines slik at kampen ender 3-1 til Øystese.
1 siger og 1 tap samt 4-4 i målforskjell er dermed fasiten etter treningsweekend i Sogndal
Legg igjen en kommentar
Du må være innlogget for å kommentere.