80 born frå 10 forskjellige fotballklubbar var i helga på Cato Guntveit fotballskule i Øystese. 62 frå Øystese, 3 frå Ålvik, 3 frå Tørvikbygd, 3 frå Norheimsund , 2 frå Kringlebotn, 2 frå Eidsvåg, 2 frå Bjarg, 1 frå Solnut , 1 frå Klebe og 1 frå Jondal trossa alle regnværet i helga.  Surt, kaldt og store mengder regn beit ikkje på fotballglade born. På avslutninga var ungane samstemte i at dei ynskja at fotballskulen skulle vare heile påska