3 divisjon starter 2 påskedag. Øystese starter med eit av dei tøffaste oppgjera.  Opprykksfavoritt Lysekloster er motstander på bortebane.  Lysekloster missa opprykket til 2 divisjon på oppløpssida i fjor og har som krystallklar målsetning opprykk i 2014.  Lysekloster er favoritt hos alle bookmakere og havner øverst hos dei fleste som tippar 3 divisjons avdelinga der også Øystese er. http://www.midtsiden.no/siger-og-fallande-odds
Øystese tapte 2 jevne kamper mot Lysekloster i fjor.  2-1 på bortebane og 2-3 på heimebane då Lysekloster avgjorde på overtid.  Lysekloster har i vinter forsterka det mannskapet som vart nr 2 i fjor.  Heile 10 nye spelarar er henta inn.  Ramo Racic, Preben Borgen og Henrik Mjelva kjem frå naborival Os, Tore Valvik (også tidlegare Os) kjem frå Søre Neset, Øyvind Olsen og Simen Birkelund kjem frå Sotra, Knut Eriksen Eide kjem frå det nordnorske 2 divisjonslaget Skarp men har tidlegare vore i Brann og Fana, Keeper Chris Sunde Midtun kjem frå Bjarg og Joakim Hjelmeland kjem frå Fana. Men kanskje den sterkaste nykommaren er Aleksander Andersen som kjem frå FK Fyllingsdalen. Ein midtstopper av høg 2 divisjonsklasse vert noko for Tonny å bryna seg på på mandag.
Øystese er klar for kamp på mandag men har nokon tunge forfall.  Midtbanemotor Rune Myklebust må sone karantene pga det raude kortet i cupkampen mot Årdal. Øystese sin beste back; Aleksander Høvik har brote armen og er ute eit par veker. Tarjei Vevle har vore skada eit par veker men vert kanskje klar til kamp. Uansett skal Øystese stille 11 mann som skal gje Lysekloster hard kamp om poenga.  2 påskedag Kl 16.00 på Lysekloster stadion startar 3 divisjon