Dagens 3 divisjonskamp mot Os fekk ein dårleg start. Etter berre eit minutt får Os sin kaptein Stian Lunde stjernetreff frå ca 30 meter. 1-0 til heimelaget vert til 2-0 etter 20 minutt. Like før pause punkterer Erik Kanestrøm håpet for bortelaget då han gjev Os 3-0. Erling Fykse og Øystese blir enig i pausen om å framstå på ein mykje betre måte i 2 omgang. Og i mesteparten av andre omgang er det Øystese som kjører kampen. Viktig og tidleg redusering til 1-3 vert til 2-3 ved Anders Næs omtrent midtvegs i andre omgang. Då Øystese utliknar til 3-3 og har initiativet i kampen ser det lyst ut då det gjenstår femten minutt. So ødelegger Sebastian Skåre fotballskoen sin. Sebastian må av banen for å skifte sko. Erling Fykse gjev beskjed om at Sebastian går innpå igjen men sidan dommaren skal ha stopp i spelet for dette får Sebastian gult kort. Og sidan Sebb har gult frå før vert dette raudt. Litt strengt dømt og litt amatørmessig av Øystese. Sjølv med 10 mann klarer Øystese å presse Os på bortebane men eit par minutt før slutt set Os sin innbyttar inn 4-3 til heimelaget.

Dette skriv Midtsiden om kampen:

http://www.midtsiden.no/sander-skara-igjen

Siste mulighet for poeng for Alaget før ferien er på heimebane på lørdag. Midt under Bygdalarm er det 3 divisjonskamp mot Varegg