For 17 året på rad arrangerer Øystese Fotball TINE fotballskule.  I år er det 29-31 august som er tidspunktet for den årlege TINE fotballskulen i Øystese.  Øystese Fotball ynskjer fotballglade 1-7 klassinger frå heile Hardanger velkommen til TINE fotballskule. Alle deltakarane får TINE sekk, t-skjorte, mat, drikke og eit kosthaldshefte.  Litt meir info om TINE fotballskuler generelt finn du her:  http://www.tine.no/tinefotballskole/om-tine-fotballskole/nyheter/nytt-i-2014

Det er A lags spelarane og A lags trenarane som er instruktører ved TINE fotballskule i Øystese. Dei gledar seg til å jobbe med fremtidige stjernespelarar.  Kostnad er 500 for eit born og 400 for den/dei neste om ein har søstre/brødre med.  For påmelding og meir info sender du mail til post@oystesefotball.no

Øystese Fotball ynskjer DEG velkommen til tre dagar med fotballmoro i Øystese!