A laget : Absolutt alle kampane Øystese har spelt i år  både i serie og cup bortsett frå den siste har vore jevne kamper som har blitt avgjort i ekstraomganger (begge cupkampane) enda uavgjort eller enda med knepne sigrar/tap.  I starten av året var det mykje stang ut slik at mange av kampane enda med 1 måls tap medan ein på slutten har hatt litt meir stang inn slik at kampane har enda med stort sett 1 måls sigrar.  I siste kampen mot Varegg var det imidlertid for fyrste gong ein kamp med ein klar sigerherre.  Det vart 3-0 til Øystese og gav kanskje bud om ein god haust ?  Her er tabellen etter vårens kampar.  http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=138898
Dette er den 3 divisjonsavdelinga i Norge der lederlaget har tatt minst poeng og der det er tettast mellom topp og botn.  Med andre ord Norges jevnaste 3 divisjonsavdeling der nesten alle laga kan blande seg inn både i opprykksstriden og nedrykksstriden til hausten

B laget:  Har stilt veldig sterkt på heimebane og vunnet alle kampene med store siffer (10-2, 7-1, 6-1 og 6-2) På bortekampane har det vore litt knapt med folk og ein har derfor gått på tre tap (2-1, 6-3 og 3-1) og tatt to knepne sigrar (2-3 og 0-1) B laget ligg heilt i toppen og kan med litt skjerping på bortekampane vera med å knive om opprykksplassane til 5 divisjon. Fordelen til hausten er at det kun er fire bortekampar
Her er tabellen:  http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=139763

Junior damer:  Stiller med eit ungt lag i junioravdelinga og dei fleste av jentene er for unge til å spela junior men har likevel klart seg bra mot 2-3 år eldre jenter.  Havna midt på tabellen.  Her er det vår og haust serie slik at dei startar på nytt no til hausten.  Skal i mellomtida til Norway Cup

Junior menn:  Rykka opp i forfjor haust, Rykka ned i fjor vår, rykka opp i fjor haust, rykka ned i vår.  Det er tydleg at juniorlaget er for gode til 3 divisjon men for dårlege til 2 divisjon.  Har gått opp og ned mellom dei to divisjonane no dei siste 4-5 mulighetane. Dette skulle indikere at dei går opp igjen til hausten

Jenter 98-99:  I og med at alle 98 jentene spelar på dame junior er det 00 og 99 jentene som spelar på jentelaget.  Dei er derfor også i snitt ein del yngre enn laga dei møter.  Har likevel gjort det bra mot litt eldre jenter og ligg på øvre halvdel av tabellen.  Desse jentene vann også B sluttspelet i Sogndal Cup rett etter skuleslutt

Gutt 98-99:  Trenarane på gutt hadde eit luksusproblem i vinter med veldig mange spelarar og ein valgte å stille med to guttelag.  Eit i 2 divisjon og eit i 3 divisjon.   Begge laga har både sigrar og tap.  2 divisjonslaget held seg i 2 divisjon og stiller i ny avdeling der til hausten. 3 divisjonavdelinga er den samme heile året.  Fleire av guttane har fått prøvd seg på seniornivå i løpet av vårsesongen

Gutt 14:  Har opplevd både store sigrar og store tap i løpet av vårsesongen og ligg på øvre halvdel av tabellen ved halvspelt sesong

Jenter 13:  Fyrste året med 9er fotball for desse jentene gav litt utfordringar i starten men har komen meir inn i det no og har tre strake sigrar i serien på slutten av våren.  Gjorde og ein god innsats i Lerum Cup der dei kom til Bfinalen.  Måtte gje tapt i finalen men godt fornøgd med innsatsen

Gutt 13:  Dette kullet har også luksusproblemet med at dei er for mange til eit lag.  Er delt inn i to jevne lag der det eine laget havna i ein Hardanger/Voss serie medan det andre i ein Bergensserie.  Det laget som havna i Hardanger/Voss serien vann sin avdeling medan det laget som spelte i Bergensserien kom midt på tabellen

Gutt 12, Jenter 12 og Gutt 11:  Spelar i Bergensserie og får oppleve både sigrar og tap mot Bergenslag.

Jente 11, gutt 10, jente 10, gutt 9, mix 8 og mix 7: Desse laga spelar i lokal serie i Kvam.  Nokon av laga er delt inn i både to og tre lag pga mange fotballinteresserte unger. På jenter 11 år er 100% av jentene på Øystese barneskule med, fleire av dei andre laga har over 90% av ungane på Øystese barneskule med på laga