Øystese sitt Alag hadde i dag treningskamp mot Voss. 90 minutter på strøken grasmatte i Strandebarm. Fortsatt ein god del spelarar på ferie gjorde at trenar Erling Fykse kun hadde 12 mann frå A stallen tilgjengelig til dagens kamp. Men dei som var tilgjengelig leverte varene, iallefall fyrste 75 minuttene. Øystese demonstrerte divisjonsforskjellen i starten av kampen. Øystese produserte fleire store sjanser. Matias Møvik har to gode skot. Det eine redder keeper flott medan det andre smeller i stolpen. Tonny Tysnes får og ein kjempemulighet til å score. Men frå fem meter set han ballen over mål. Det er Tor Erik Kjosås Berge som gjev Øystese leiinga. På sitt fyrste mål på hovudet nokonsinne. Etter fint spel på sida er det eit flott innlegg frå Sebastian Skåre som Tor Erik kan nikke inn. Like etter er det eit nytt flott innlegg frå andre kanten. Denne gongen er det Bjørnar Skjelvan som skal nikke den inn, men han prøver heller ein frekk chip med ryggen som går like over mål. Øystese går til pause med 1-0 og er einig om å fortsette trykket i andre omgang. Sebastian Skåre går frå å vera servitør til eksekutør då han nikker inn 2-0 etter ein retur frå keeper. Øystese får frispark på 40 meter og det bør eigentleg ikkje vera skuddhald men har du Matias Møvik på laget so er det det. Kanskje burde keeper tatt den men likefullt 3-0 til Øystese. Like etter er Anders Næs åleine gjennom. Keeper leverer ein glimrande redning. Tonny scorer på returen men er i offsideposisjon og korrekt annulert mål. På slutten tek Voss meir over. Muligens som ein konsekvens av at dei har 12 friske bein å sette innpå medan Øystese kun har to friske bein på sin eine innbyttar. Voss får to reduseringar på slutten då Kristian Eikeland kan nikke inn to gonger i løpet av kort tid. Kampen endar 3-2. Erling Fykse seier i ein kommentar at han er nøgd med dei fyrste 75 minuttane.

Øystese takkar Voss for god gjennomkjøring og ynskjer lukke til med haustsesongen