B laget med eit poeng i dag.  Eikelandsfjorden var dagens motstander. Dei siste åra har fotballen i Fusa vore samla i samarbeidsklubben Fusa. Dette samarbeidet rakna og no er det Eikelandsfjorden som er navnet på flaggskipet frå Fusa.  I vår gjekk Øystese på eit 2-1 tap på graset i Eikelandsosen.  På heimebane og kunstgras har Øystese 2 til no vore uslåleg med 6-2 som hittil minste sigeren men i dag vart det kun eit poeng.  Øystese tok leiinga etter eit minutt.  Då trudde ein kanskje at dette skulle bli lett.  Eikelandsfjorden både utlikna og tok leiinga før Øystese våkna.   Joao Pereira utlikna til 2-2 før Arne Øystese gav heimelaget leiinga 3-2.  På slutten pressa Øystese 2 kraftig og både Bjørn Kristian Vines, Sindre Helgheim og Sebastien Kyemo hadde store sjanser til å sørge for fleire mål.  Men enten vart det stolpetreff, redning på strek eller keeperredning.  I staden er det Eikelandsfjorden som får det siste målet på eit stjerneskot frå 25 meter rett i krysset.  3-3 og årets fyrste poengdeling for B laget