Dagens A kamp var den siste for Cato Guntveit.  Legenden som debuterte på Brann før fleire i Øystese sin A stall var fødd leverte varene i sin siste kamp.  Cato var blant banens beste i ein overbevisande heimesiger. Frøya med tidlegare Øystese keeper Svenn Egil Aarekol i buret var uten sjanse i dagens kamp.  Allerede etter eit par minutt kunne Cato satt punktum med ein scoring men forsøket med venstrefoten strauk utsida av stanga.  Det vart Tonny Tysnes som starta dagens scoringsorgie då han heada inn 1-0.  2-0 var signert Anders Næs.  Frispark frå ca 25 meter lurte seg nede i keeperhjørnet til Svenn Egil. 2 annulerte mål pga offside gjorde at 2-0 var pauseresultatet.  Etter pause var Øystesedominansen enda større og trøkket mot Frøya sitt mål var ganske massivt i andre omgang.  Erlend Grønner nikker inn 3-0, før Joao Pereira scorer 4-0 på ein gjennomløpning.  Tonny vert tomålsscorer då han breidsider eit innlegg kontant i nota.  På slutten vert også Anders Næs tomålscorer då han setter inn 6-0 på ein keeperretur. Cato Guntveit vert erstatta av Arild Hammer eit minutt før slutt til ståande applaus frå publikum, mot og medspelarar.  Øystese Fotball takkar Cato for den fenomenale innsatsen han har gjort for Øystese dei siste fire åra. Tarjei Vevle som var høgt og lavt på midtbanen i dag får det ærefulle oppdraget med å føre drakt nr 2 videre i Øystese Fotball.