Øystese sitt guttelag møtte i dag Kjøkkelvik til seriekamp i 2 divisjon. Kampen var so vidt komen i gang før Kjøkkelvik tok leiinga. Kjetil Dørum Lie utlikna til 1-1 med eit skot frå 20 meter som gjekk inn heilt nede ved stolperota. Kjetil saman med Marius Nernes med tre kamper på to dager i helga. Både B laget, juniorlaget og guttelaget nytte godt av talenta i helga. Kjøkkelvik gjekk opp i 2-1 då ein Kjøkkelvikspelar upressa får skyte inne i 16 meteren. Det gjer han godt. Skuddet går utagbart opp i krysset. I denne perioden har Kjøkkelvik dei største sjansane men ein god Vinjar Kristiansen i Øysteseburet held Øystese inne i kampen. Torbjørn Femsteinevik Stakseng utliknar for Øystese for andre gong. Eit flott innlegg vert nikka inn. Kampen tikker mot 90 minutt og Kjøkkelvik ber dommaren legge til bra med tid. 4 minutter vert lagt til. 3 min og 20 sekund ut i tilleggstida slår Erlend Onarheim ein lang ball som finn Kjetil Dørum Lie i bakrommet. Åleine med keeper gjer han ingen feil. 3-2 og tre poeng på overtid til Øystese.

Dagens mest imponerande/irriterande: Ein tilreisande Kjøkkelvik kar som i 80 samfulle minutt skriker heia Kjøkkelvik