Øystese sine gutter 13 møtte i dag Norheimsund til duell.  Øystese sine gutter 13 er delt i to lag der det eine speler i ein serie innover i fjorden med Odda, Harding, Rosendal, Trio osv medan det andre spelar i lokal serie mot Norheimsund, Samnanger og Strandebarm.  I dag var det altså duka for lokaloppgjer.  Alltid ekstra moro med lokaloppgjer.  Øystese starta best og tok leiinga ved Tor Erling Solberg som satte inn ein retur frå keeper.  Adrian Solås dobla leiinga då han smeller inn eit skot med venstrefoten.  2-0 er pauseresultatet.  Etter pause reduserer Norheimsund før Adrian Solås blir tomålsscorar.  Han spring frå forsvaret og scorer sikkert åleine med keeper. 4-1 er signert hospitant Bienvenue Matare.  Minst på banen men scorer eit flott mål på egenhånd då han dribler seg gjennom to forsvarere og setter ballen i stanga og inn