Odda kom til Øystese som serieleiar i dag.  Odda har imponert i årets 3 divisjon og ligg pr no i førersetet  i opprykkskampen. Det var Øystese som kom til fyrste store målsjansen i dagens kamp. Sebastian Skåre er åleine med Odda sin veterankeeper. Lobber over keeper men ballen treff tverrliggeren. Like etter er det tidlegare Øystese spelar Espen Bjørkevoll som skyt frå 18 meter og i mål. Ballen skifter retning i ein Oddaspelar som står i offside og målet vert derfor annulert for offside. I neste angrep sprett ballen i hånda til Arild Hammer og Odda skrik på straffe. Dommer gjer riktig i å la spelet gå videre.  Men so kjem Odda rundt på kanten, legg inn og frå kort hald kan Andreas Meling sette inn 1-0 til bortelaget. Øystese stanger mot Oddas bastante forsvar. På ein overgang dobler Odda målscoren sin. Etter pause varer det ikkje so lenge før Espen Bjørkevoll kan straffe gamle lagkamerater med Oddas tredje mål. Espen var dominerte midten og var blant banen beste spelarar.  Eit kvarter før slutt reduserer Daniel Hatland til 1-3.  Øystese prøver å sette press på Odda på slutten. Øystese får og fleire gode sjanser. Både Sebastian Skåre og Tarjei Vevle er åleine med keeper men avslutningane er ikkje gode nok til å få nettkjenning.  Øystese taper derfor 3-1 for eit godt Odda lag. Øystese takkar for kampen og ynskjer Odda lykke til med sesonginnspurten

Dette skriv lokalavisa (i Odda) om kampen:
http://www.hardanger-folkeblad.no/hfnyheiter/article7582211.ece