Øystese sine guttar fødd i 2001 er so pass mange at dei er delt i to lag.  Marcelo Ribeiro er trenar for gjengen der Øystese 2 vann sin avdeling i vår og spelar derfor i 1 divisjon i haust medan Øystese 1 havna på midten i sin avdeling og spelar 2 divisjon no i haust.  I dag var det Øystese 2 som spela kamp mot Strand Ulv. Den kampen enda med heile 9-0 til Øystese 2 etter mål av Aleksander Digernes (4), Hogne Børven (3) , Bienvenue Matare og Adrian Solås.