Tabellnaboane Vadmyra og Øystese møttes i 3 divisjon i dag.  Vårkampen borte mot Vadmyra var ein thriller med 6 mål, brent straffe og eit poeng til kvart av laga.  Dagens kamp var også av det dramatiske slaget.  Publikum var knapt komen på plass før Vadmyra tok leiinga. Øystese forsvaret prøver å klarere men skyter i ein Vadmyra angriper. Ballen fyker deretter i krysset.  Maks uheldig start for Øystese. Heilt på tampen av omgangen utliknar Øystese. Fint veggspel på kanten av Lars Henrik Hellingsrud og Tarjei Vevle sender Lars Henrik åleine gjennom på kanten av 16 meteren. Han smeller ballen i mål. Lars Henrik sitt fyrste mål på A lags nivå etter å ha bøtta inn mål på juniorlaget. Men han har ein del mål å ta igjen før han kommer over far sin i antall mål for Øystese.   Etter pausen er det Vadmyra som kjem best i gang.  Omtrent med ein gong aukar dei til 2-1 før dei aukar til 3-1 då dei nikker inn ein corner.  Men so kjem det ti minutt med Møvikshow.  Fyrst er det frispark på 20 meter.  Frispark på 20 meter har i år vore livsfarleg sjanse til Øystese. Som so mange ganger før i år smeller Matias Møvik frisparket i mål.  Då Vadmyra like etter handser i 16meteren vert det straffe til Øystese. Matias er like sikker på straffe som frispark og dermed er laga like langt. Kun 1 minutt etter er kampen snudd.  Lang ball i bakrom forfølges av Matias og åleine med keeper lobber han over keeper og dermed er Øystese i leiinga for fyrste gong i kampen.  Vadmyra setter eit press mot Øystese på slutten men heimelaget rir av stormen og kan innkassere 3 poeng.