Øystese sitt guttelag er i helga på Regy Cup i Haugesund. Guttane har gjort det bra i turneringa og starta med 3-1 mot Stavangerlaget Bogafjell etter mål av Marius Nernes (2) og Kjetil Dørum Lie.  Andre kampen vann dei 2-0 over Askøylaget Erdal etter to mål av Simon Høyland.  Siste kampen lørdag kveld gjekk mot Skjold. Den kampen vann Øystese 2-1 etter mål av Benjamin Cortes Mikkelsen og Marius Nernes. Guttelaget er dermed kvalifiserte for A sluttspelet. Som puljevinnar går Øystese direkte til kvartfinale der dei møter Smørås i dag. Den kampen enda 2-1 til Øystese. I semifinalen vart det ingen mål i kampen mot Gneist men Øystese sine gutter hold hovudet kaldt under straffesparkkonkurransen. Torbjørn Femsteinevik Stakseng, Simon Høyland, Erlend Lilletveit Kvåle og Kjetil Dørum Lie scora for Øystese og når i tillegg Vinjar Kristiansen redda 2 straffer fekk ikkje dei to siste på Gneist og sistemann på Øystese ta straffe. 4-1 til Øystese etter straffer. Finalen gjekk mot Bogafjell som blei slått tidlegare i turneringa. Men i finalen gjekk det ikkje vegen. Bogafjell vinn 1-0 og det vert tap i A finalen for Øystese sine 15 og 16 års guttar.  Likefullt ein godt gjennomført turnering av Øystese sitt guttelag