Ein fabelaktig god fyrsteomgang var nok til å innkassere tre poeng mot Smørås i 3 divisjon. Spelet var bra og Øystese kom til mange store sjanser. Tarjei Vevle var svært nær å få si fyrste scoring for Øystese. Ein fin lobb som keeper so vidt er borti. Men nok til at den treffer tverrligger og ned på streken. Linjedommeren er sikker på at heile ballen ikkje er over strek slik at Tarjei må vente litt lengre på sitt fyrste mål. Ein som ikkje må vente på sitt fyrste mål er Matias Møvik. Øystese sin toppscorer gjev Øystese leiinga 1-0 på eit skot frå 10 meter. Kort tid etter vert samme mann felt inne i 16 meteren. Matias tek straffen sjølv og aukar leiinga til 2-0. Då Divaldo Cardoso nikker inn 3-0 etter corner virker alt rosenrødt. Smørås har ikkje ein målsjanse i fyrsteomgang og Øystese leier 3-0. Kanskje gjekk det alt for bra i fyrsteomgang for kvaliteten på Øystese sitt spel fell drastisk etter pausen. Smørås lar seg ikkje be to gonger når dei vert invitert inn att i kampen. Dei reduserer fyrst til 3-1. Bjørn Kristian Vines sørger for at publikum fortsatt trur på storsiger då han nikker inn 4-1 etter corner. Men Smørås får redusere både ein og to gongar slik at på stillinga 4-3 ti minutt før slutt vert det litt småpanikk. Smørås klarer imidlertid ikkje sette inn det store presset slik at Øystese vinn 4-3 etter ein god fyrsteomgang og ein middels andre omgang