Øystese sitt B lag har hatt ein god sesong men tapte årets siste kamp då Løvstakken 2 gjesta Øystese. På grunn av A kamp samme dag mønstra B laget nesten reint juniorlag. Og frå sist kamp mot Rosendal var det kun tre spelarar igjen. Spelande trenar Eirik Flotve, guttekeeper Vinjar Kristiansen og portugisiske Pedro Leitao.  Øystese 2 hadde eit visst spelemessig overtak i starten og leia både 1-0 og 2-1.  Begge måla forøvrig av guttespelar Marius Nernes. Men Løvstakken var sterkast mot slutten og tok med seg alle tre poenga til Bergen etter at dei vann 3-2.  På slutten av kampen var 10 av 11 spelarar enten junior eller guttespelarar.  Øystese 2 er no ferdig med sesongen og enda på ein 4 plass i 6 divisjon.