Øystese sitt juniorlag vann si avdeling og speler derfor kamp mot andre avdelingsvinnarar.  Trio/Rosendal/Halsnøy sine juniorar var motstander på bortebane i semifinalen.  Kampen var jevn men bikka heilt på slutten i heimelaget sin favør.  Fyrste omgang var mållaus med eit par gode sjanser til begge lag. To gode keepere sørga for dårleg utteljing for spissane.  I andre omgang kom måla. Fyrst ute var Trio/Rosendal/Halsnøy.  Deretter scorer Lars Henrik Hellingsrud etter corner.  På stillinga 1-1 bølger kampen att og fram.  Trio/Halsnøy/Rosendal har ein kjempehands på streken av forsvarer som dei fleste får med seg, men dommer kan ikkje ha sett den sidan det ikkje vart straffe. Då det ser ut som det skal gå mot ekstraomganger scorer Trio/Rosendal/Halsnøy to minutt før slutt. Stor jubel blant heimepublikum.  Øystese får ein siste sjanse men då Kjetil Dørum Lie blir meina ned i straffefeltet på overtid utan at det vert blåst ebber det ut med 2-1 til heimelaget.

Øystese ynskjer Trio/Rosendal/Halsnøy lukke til i finalen og satser på å ta revansje i serien til neste år.