Gutter 13 vann i dag finalen i kretsmesterskapet blant andre avdelingsvinnarar i 2 divisjon.  Øystese tok seg til finalen etter walkover i 8 delsfinalen, 3-2 over Kjøkkelvik/Olsvik i kvartfinalen og 4-2 over Bremnes i semifinalen. I finalen venta eit godt Folleselag. I følge trenar Marcelo Ribeiro leverte Øystese årsbeste i fyrste omgang. Øystese tok leiinga omtrent umiddelbart då ein Follesespelar var uheldig og satte ballen i eget mål etter ein corner. Tor Erling Solberg auka til 2-0 etter ein retur frå keeper. Follese har og sine sjanser. På ein av dei reduserer dei til 2-1. Øystese er imidlertid ikkje ferdig med å score. Fyrst aukar Bienvenue Matare til 3-1 før Aleksander Digernes fastset pauseresultatet til 4-1 då han smeller inn ein corner på halv volley.  I andre omgang kjem Follese meir med i kampen og har fleire gode sjanser til å redusere men Herman Eikrem i Øystese sitt mål har ein god dag på jobben og varter opp med fleire strålande redninger. Det blir derfor kun eit mål i andre omgang og det kjem også til Øystese då Adrian Solås kjem åleine med keeper og scorer sikkert. 5-1 til Øystese i finalen over Follese vert då sluttresultatet.

Øystese Fotball gratulerer guttane fødd i 2001 (pluss eit par 2002 modeller) med finalesigeren!