Laga som Øystese skal møte i 2015 er Fyllingsdalen FK 2, Bjarg, Arna Bjørnar, Lyngbø, Lysekloster, Varegg, Tertnes, Loddefjord, Nest Sotra 2, Brann 2, Sotra, Austevoll og Vadmyra
I alfabetisk rekkefølge kjem her ein analyse av dei forskjellige laga.  Sidan mykje kan endre seg i silly season kjem ein tilbake med ein ny analyse like før seriestart

AUSTEVOLL: Eit av tre nyopprykka lag i avdelinga. Generelt slit dei nyopprykka laga og i 2014 sesongen gjekk to av dei tre nyopprykka rett ned att. Odda viste at dei nyopprykka kan gjera det heilt store og enda i motsatt ende av tabellen. Den rutinerte garden med Brede Storebø, Inge Andre Rabben og Trond Heggestad (som la opp før sesongen!) leverer fortsatt varene i havgapet men Austevoll vil merke tapet av toppscorer Kristoffer Østervold.  Med 28 mål scora han 20 meir enn neste på lista! Kristoffer har valgt å gå til høgtsatsande Os og må erstattast på topp for Austevoll.  I forsvar er Håvard Vassnes og Alexsander Dale solide spelarar som vil gje Austevoll mange poeng.

ARNA/BJØRNAR:  Har hatt ein blytung sesong både sportsleg og reisemessig.  Har kjempa mot nedrykk stort sett heile hausten men havna akkurat over nedrykksstreken med 1 poengs margin.  Tunge reiser til Møre og Romsdal har tæra på motivasjonen i gruppa samt på økonomien i laget.  Eit reisebudsjett på 400 000 har ikkje skapt jubel hos kasserer. Samtidig sliter også damelaget økonomisk og har havna i rød sone hos Norges Fotballforbund (som innebærer at grep må gjerast for å betra økonomien) Veteranene Espen Fedje og Trond Svendheim har styrt Arna Bjørnar skuta i år og saman med gode enkeltspelarar har det vore akkurat nok til å redde plassen.  Stordingen Vegard Agdestein har vore god på kanten, men også Robin Eriksen og Aleksander Orvedal har levert gode prestasjoner i Arna Bjørnar drakta i år. Tidlegare Øystesespelar Gediminas Zaborskis har levert eit bra bidrag i forsvar for dei raude frå Arna. Mangeårig trenar Andreas Sundsbø har valgt å takke for seg etter denne sesongen.  Kven som overtar som trenar samt kven Arna Bjørnar får inn i vinter vil avgjera korleis sesongen 2015 vert.  Arna Bjørnar har blant anna sendt brev på eit par Øystesespelarar men vert nok ikkje napp der.

BJARG: Laget med marginenene på si side i 2014.  Svært mange kamper vart avgjort på tampen til Bjargs fordel. Spesielt på våren var Bjarg i flytsonen og kjempa heilt i toppen. Datt litt av på hausten men leverte likevel ein sterk sesong.  To viktige bidragsytere på våren; måløyværingane Gisle Myhre og Joakim Forthun forlot klubben etter våren til fordel for henholdsvis Åsane og Tornado Måløy.  På topp har Didrik Thorbjørnsen levert varene. To høgdramatiske kamper mot Øystese enda med 3-3 i begge kampane og 2 poeng til kvart av laga.  Trenar Petter Fossmark er på grunn av tidsklemma ikkje aktuell som trenar i Bjarg i 2015

BRANN 2: Kanskje den største opprykksfavoritten i avdelinga.  Utviklingsavdelinga i Brann har eit budsjett som er ein ca 10 gonger større enn Øystese samt dei har tilgang til proffesjonelle spelarar frå fyrste laget sitt. Men det kan vera at nokon av dei nest beste i Brann søker seg til Nest eller Åsane i 1 divisjon for å få ein bedre kamparena enn 3 divisjon. Vert uansett kjekt å få spelt kamp på Brann Stadion og forhåpentligvis møtt nokon tippeligaspelarar til kamp. Dette kan og vera ein bakdel for Brann 2 at alle laga mobiliserer litt ekstra når det er Brann som står på motsatt banehalvdel. Men at utviklingsavdelinga i Brann held mål beviste dei i helga då dei vann NM for juniorar. Dei fleste på det laget har vore stamma i Brann 2 i årets sesong

FYLLINGSDALEN 2.  Fyllingsdalen 2 har klart mesterstykket å rykke ned frå 3 divisjon 2 år på rad men blitt redda av at eit lag har forsvunnet på kvart av nedrykka.  I år var det Pors som rykka ned frå 2 divisjon og Pors 2 som då hadde sikker plass i 3 divisjon måtte vike for beste 12er i landets 3 divisjonsavdelinger. Dette var Fyllingsdalen 2 både i år og i fjor! Dette kan og vera eit teikn på at avdelingen i Hordaland er relativ jevn.  Fyllingsdalen 2 vil levere varierende spel alt etter kva spelarar dei har tilgjengeleg.  Dei har bra juniorer i Fyllingsdalen noko NM gullet i 2013 var eit bevis på.  Mannen som avgjorde den Christian Heimark har gjort ein god jobb på topp for Fyllingsdalen 2 i år medan Fyllingsdalens polske keeper Bartoz Deregowski har stått bra bakerst. Belsti Dessalegn var og ein god bidragsyter før han signerte for Sotra i sommerpausen. Med Fyllingsdalen sine ressurser var det nok forventa at A laget skulle gjera det betre men dei enda på nedre halvdel.  Dei ynskjer nok nye spelarar inn noko som og vil dryppe på Fyllingsdalen 2.  Men også Fyllingsdalen treng ny trenar då Patrick Wohlgemuth ikkje fortset som trenar for FYllingsdalen 2

LODDEFJORD: Etter ein runde i ankeutvalget hos NFF blei Loddefjord klar som nyopprykka lag frå 4 divisjon. Protest frå Nordhordaland kunne snudd på dette då NBK meinte Loddefjord brukte spelar som ikkje var speleberettiga. Men klagen vart avslått både hos HFK og anken avslått hos NFF og dermed er Loddefjord motstander for Øystese i 2015. Veteranene Daniel Misund og Roar Olsen bøtter fortsatt inn mål på topp for Loddefjord.  Noko dei også er nøydd til skal Loddefjord overleve den tøffe overgangen frå 4 divisjon til 3 divisjon

LYNGBØ: Starta sesongen forrykande i fjor. Slo nesten Nest Sotra ut av cupen og var heilt i toppen av tabellen i starten av sesongen.  Hadde ein langt svakare haust og rota seg nesten ned i nedrykksstriden.  Også i Lyngbø vert det endringer i trenerteamet då mangeårig trenar Helge Nilsen takkar av etter denne sesongen.  Alexander Kvalheim og Fredrik Fotland Nilsen er to av dei mest toneangivande på dei grønne frå Lyngbø. Tidlegare Øystese Gymnas elev Sondre Riise Sævartveit sørger med kompromisslaust forsvarsspel for å tette igjen bakerst hos Lyngbø

LYSEKLOSTER vert som vanleg ein av dei store opprykksfavorittane. Satser tungt og henter mange gode spelarar.  Har likevel ikkje klart målsetninga om opprykk til 2 divisjon dei siste åra men har vore nærme (2 og 3 plass) I år går dei glipp av lokalderbyene med Os då Os er havna i Rogalandspulja.  Dette kan likevel bli bra for Lysekloster då dei aldri slår Os sjølv om dei havner over på tabellen.  Lysekloster sparka fjorårstrenarane på slutten av sesongen etter skuffandes resultat og har henta inn att Ørjan Sandal som trenar i lag med broren Thomas Sandal. Desse to var og trenarparet som sørga for opprykka frå 7 til 3 divisjon.  Tidlegare Brannspelar Lars Henrik Skage er ein fantastisk kantspelar (at han ikkje kunne bidra i haust har nok svekka Lysekloster) Aleksander Andersen, Baste Jonassen og Johannes Jordal er andre spelarar på Lysekloster som held eit veldig høgt nivå. Før 2015 har dei forsterka med 3 divisjons desiderte toppscorer Alexander Dang som er henta frå Vadmyra.  Også to 2 divisjonsspelarar frå Møre og Moldeklubben Treff er henta for at Lysekloster skal nå draumen om 2 divisjon.  Lysekloster er aktive på overgangsmarkedet og det kan nok fort komme fleire forsterkningar inn dørene der.

NEST SOTRA 2: Nest Sotra 2 var det siste laget som vart klar for 3 divisjon. Havna på 2 plass i sin 4 divisjon og måtte spele kvalik mot Follese som vart nr 2 i den andre 4 divisjonsavdelinga. Etter to jevne kamper stod Nest Sotra 2 att som vinnar og får spele 3 divisjon i 2015.  Ågotnes og Nest Sotra er nytt bekjentskap for Øystese men som dei andre
2 er laga er også Nest Sotra avhengig av kva som skjer med fyrstelaget.  Eit lag som sovidt rykker opp frå 4 divisjon treng forsterkningar eller større engasjement frå 1 laget skal dei klare seg i 3 divisjon.

SOTRA: Satsa hardt i 2014 og det holdt nesten men Sotra måtte ta til takke med den sure 2 plassen. Sotra henta 8 solide forsterkningar i 2014 i Oddbjørn Kvarekvål (frå Arna Bjørnar), Gaute Hauge (frå Voss). Arve Walde (frå Fyllingsdalen) Belsti Dessalegn (frå Fyllingsdalen), Karsten Raunehaug (frå Øystese), Mads Aarhus (frå Træff) , Kristoffer Viste (frå Bryne) og Thomas Lyngbø (frå Lysekloster) og kjem nok til å hente nokon i 2015 også. Simen Birkelund returnerer nok frå Lysekloster etter at broren fekk sparken som trenar der.  Tidlegare Branntrenar Espen Steffensen er den som skal prøve å lose stjernegalleriet til Sotra opp i 2 divisjon men dei får nok tøff kamp av Brann 2 og Lysekloster

TERTNES: Var det andre laget frå Hordaland som havna i reisepulja til Møre og Romsdal i 2014.  Fleire etablerte stjerner som gav seg då reisepulja vart realiteten. Det var faktisk so ille at Tertnes vurderte å trekke laget før sesongen.  Men Tertnes sine ungdommer anført av Gustav Mohus har overbevist på lange reiser og har faktisk tatt veldig mange av poenga sine borte i Møre og Romsdal.  I 2015 vil nok reisene tilsammen vera kortare enn lengste reisa i 2014 noko som både spelarane og klubbkasserer nok er godt fornøgd med

VADMYRA: Scora nesten like mange mål som topplaga  i 2014 (mykje på grunn av Alexander Dang som i 2015 spelar for Lysekloster) men slapp også inn nesten like mange mål som botnlaga. Då blir det plass på midten av tabellen.  Erfarne Karl Fredrik Sande gjev seg som trenar i Vadmyra og vert erstatta av ein lokal Vadmyra helt i Mats Wedervang som vert spelande trenar. Spørsmålet er kven som skal scora måla no når Dang er borte.  Dang scora halvparten av alle Vadmyra sine mål i 2014! Lynraske Mads Kvamme kunne vore eit alternativ om han vert skadefri.

VAREGG: Etter ein katastrofal vårsesong tok Varegg tak og var blant dei beste i haustsesongen.  Sterk misnøye i spelargruppa gjorde at trenaren vart skifta ut og inn kom Hiep Tran som trenar (frå Nordnes) Hiep og resten av Varegg gjorde ein formidabel redningsaksjon og kom inn på sikker plass i siste serierunde. Veldig mange spelarar inn og ut  hos Varegg.. Fleire spelarar forsvann før seriestart blant anna gode Ronny Rojas. Storscorar Mads Wie forsvant til Sandane i sommerpausen. Varegg har imidlertid klart å erstatte dei mange som forsvant. Tidlegare Brann spelar Martin Knudsen kom i sommerpausen. Veldig gode Mathias Macody Lund kom frå Sørlandet og 2 divisjonsklubben Donn og bidrog sterkt til at Varegg holdt plassen i 3 divisjon

ØYSTESE: Havna midt på tabellen i årets sesong. Hadde ein dårleg start men tok seg ein del opp på hausten.  Scora mål i alle kampane bortsett frå siste. Slo topplaga Lysekloster og Sotra men rota vekk for mange poeng mot laga rundt seg og under seg.  Sleit med tynn stall mesteparten av sesongen og var avhengig av å bruke guttespelarar i fleire kamper. Har mista gode Marius Mikkelsen til Os (mulig han angrer litt når kampoppsettet kom då Os får lange bortereiser annan kvar helg i 2015) Øystese er og i prosessen med å ansette ny trenar då årets trenar Erling Fykse går inn i annan rolle i klubben. Erling får ein rolle rundt A laget men ny hovudtrenar skal på plass til sesongen 2015.

Oppsummert so er det pr no Brann 2, Sotra og Lysekloster i den rekkefølgen som er dei største favorittane til å vinne denne 3 divisjonsavdelinga. Mykje kan imidlertid endre seg i vinter. Veldig mange av laga skal ha inn ny trenar/har fått inn ny trenar. Korleis dette vil slå ut på treningskvardagen til dei enkelte laga er vanskleg å sei no. Men Øystese Fotball kjem med ein oppdatert analyse av laga eit par dager før seriestart 2015!

Her kjem BAs fotballekspert Per Kolstad sine betraktninger om oppsettet
http://www.ba.no/sport/article7705826.ece