Øystese vann forrige sesongs 1 divisjon i futsal men kom til kort i kvaliken til eliteserien.  Futsalserien vert avvikla med helgekamper der ein speler 2 eller 3 kamper. Fyrste runde gjekk i Sotra Arena og den andre futsalrunden gjekk av stabelen i Askøy Forum i helga.  I fyrste runde tok Øystese 6 av 9 moglege poeng etter tap 4-0 mot Krohnsminde og siger 7-1 mot Dragefjellet og siger 5-4 mot Hajduk Bergen.  I helga var det Brann futsal og Norheimsund futsal som var motstandere.  Brann stilte nok ein del svekka sidan trenar Carl Erik Torp og juniorlaget var opptatt med NM kamp i Oslo.  Dermed var det guttelaget som måtte til pers og dei vart for lette mot Øystese som vant enkelt 5-1.  Siste kampen mot Norheimsund vart også siger 7-4 og dermed ligg trenar Per Odnæssveen og resten av Øystese Futsal i rute for å komme med i kvalik til eliteserien i år også

Spelarar i helga var: Sebastian Skåre, Anders Næs, Erling Fykse, Simen Næss, Matias Møvik, Erlend Grønner, Kristian Pettersson, Karsten Raunehaug og Idi Kocani