Dei fleste ungane som går på Telenor Xtra FotballSFO i Øystese var i helga på SR bank cup i Vestlandshallen. To guttelag og eit jentelag trossa stormen Nina og kom seg til Bergen.  Jentene klarte seg best og returnerte ubeseira attende til Hardanger med 2 sigrar og 1 uavgjort. Guttane enda med 2 sigrar, 1 uavgjort og 3 tap.  Dersom du ynskjer  fleire treningar i vinter er det berre å kontakte sportssjef Erling Fykse for plass på fotballSFO