Roar Vestbø er ein kraftspiss frå skiskytarbygda Hålandsdalen. 20 år gamle Roar var tidleg ansett som eit stortalent og tidlegare Øystese trenar Robert Stensønes meinte han hadde funne like stort gull som med Torgeir Børven då han overtok som trenar for Fusa. Som mange andre gode fotballspelarar i Fusa gjekk Roar til Os og har der vore ein stabil målscorar dei siste åra. Roar har og NM sølv i volleyball for u17
No er gladguten frå Hålandsdalen klar til å iføre seg blå drakt i 2015 sesongen.  Webredaksjonen har fått eit par ord med den nye spissen til Øystese

1 – Kvifor går du til Øystese no ?
Bur du i Hålandsdalen er det ikkje so mange aktuelle toppklubber å velge i men eg går til øystese pga at eg har høyrt at det er ein god gjeng med godt humør, og eg har sett før at dette er eit lag med mange gode fotballspelarar. Eg både trur og håpar at øystese vert med å dominere denne avdelinga i år.

2. Kva ambisjonar har du på banen ?
Bli so god som eg kan bli. Det verste eg veit, er å tapa, så eg skal gjera det eg kan for å få kampane til å gå i vårt favør.

3. Kva tenkjer du om toppscorartittelen i Øystese ?
Øystese har eit par veldig gode angriparar, og eg håpar at eg no vert ein av dei. Vist me klarar å samarbeida på ein god måte, så trur eg det kjem til å bli fleire på dette laget som scorar mange mål. Men det er heller ingen hemlightet at det å vera sist på ballen er ein ekstra god følelse !

4. Kven er din favorittspelar ?
For meg så eg det kun ein spelar, og det er gamle Ronaldo (Brazil)

Då gjenstår det berre å ynskje Roar lykke til i sesongen 2015!  Roar vil nok bli godt kjent på vegane i indre Hardanger i løpet av våren