Dei to juniorane Hans Berge jr og Thomas Aarnes er klar for Øystese. Begge er 17 år og går andre året på vidaregåande. Begge spelte 4 divisjon i Norheimsund i fjor men er no klar for å ta eit steg opp. Webredaksjonen har fått eit par ord med dei unge ambisiøse fotballkarane.

Hans Berge jr er ikkje noko nytt fjes i Øystese. Etter å ha spelt fleire år aldersbestemt og junior i Øystese valgte han i fjor å melde overgang til Norheimsund for å prøvd seg meir på seniornivå. Etter eit år i naboklubben er no Hans attende i blått. Hans har ein teknikk som få kan måle seg med og saman med ein motivasjon til å trene mykje er det ein god kombinasjon.
1 – Kvifor går du tilbake til Øystese no ?
Går tilbake til øystese grunna ei stor og god treningsgruppe samt treningskvardagen som vil bli betre.
2. Kva ambisjonar har du på banen ?
Utvikla meg vidare og spela mykje.
3 -Kva er ditt favorittlag og spelar ?
Manchester United, Ronaldinho.
4. Kva er ditt beste Øystese fotball minne ?
Må bli den siste sesongen med gutelaget då me herja med kvart lag me møtte og vart avdelingsvinnar.

Thomas Aarnes er eit nytt fjes i Øystese. Den unge midtbanespelaren er opprinneleg frå Batnfjord (ein liten plass på Nordmøre) Thomas er elev ved Framnes videregåande skule i Vikøy. Thomas har allerede spelt ein treningskamp for Øystese. I følge rapportene gjorde han ein god jobb og i den defensive midtbanerolla der han vann mange dueller mot FK Fyllingsdalen sine spelarar.
1 – Kvifor går du til Øystese no ?
Pga ei god god treningsgruppe og eg har lyst å prøve meg på eit høgere nivå
2 – Kva ambisjonar har du på banen
Etter hvert spille meg inn i start ellveren til Øystese
3 – Kva er ditt favorittlag og favorittspelar
Manchester United, paul scholes
4 – Kva klubber har du spelt på før du kom til Øystese ?
Min heimklubb Batnfjord IL og Norheimsund

Då ynskjer Øystese Fotball Hans velkommen tilbake til Øystese og Thomas velkommen til Øystese.  Og begge to lykke til med sesongen 2015!

Hugs og å legg til Øystese fotball på Facebook!