I helga er det kretsmesterskap i futsal for gutter 16. Øystese sine gutter har gjort sine saker bra til tross for at mange av dei ikkje har noko særleg erfaring med futsal. Fyrste kampen mot Bønes enda med 2-0 siger etter to mål av Marius Nernes. Andre kampen vart det tap mot Vadmyra medan Øystese var tilbake på vinnersporet i tredje kampen mot Smørås. Ein tett og jevn kamp enda med 2-1 til Øystese. Kjetil Dørum Lie og Matias Johansen var målscorere. Øystese er derfor klar for åttendedelsfinale mot Sædalen på søndag.  Sædalen vart for sterke i åttendedelsfinalen og slo Øystese