Ein av Øystese (og 3 divisjon) beste backer er ute i eit par månader med skade.  Alexander Høvik som har hatt store lyskeproblem siste sesongane var hos spesialist Austgulen. Fasit var at det ikkje var behov for operasjon men 2 månader med alternativ trening må til for å få bukt med problema.  Høvik seier i ein kommentar til oystesefotball.no at han håper å vera klar for spel til seriestart med ein målsetning om å komme tilbake på samme høge nivå som tidlegare. Alexander har vore blant Øystese sine viktigaste spelarar dei siste sesongane slik at både for hans del og Øystese sin del er det hensiktsmessig at han kjem attende på det nivået.

Øystese Fotball ynskjer Alex lykke til med opptreninga!