Heile 12 mål vart fasiten etter dagens treningskamp mellom Øystese og Varegg. Heimelaget kjem best i gang og Øystese kjem under 1-0 etter ein tabbe i Øystese sitt forsvar. Hålandsdalens store sønn Roar Vestbø utliknar til 1-1 då han skyter hardt i mål fra 10 meter.  På stillinga 1-1 har Øystese fleire store sjanser, blant anna to skudd i tverrliggeren men det er Varegg som går opp til 2-1 etter straffe. Den får dei etter eit kast der heile Øystese sover slik at Varegg kan kaste ein spelar åleine gjennom. Han blir dytta ned og straffe som Varegg scorer på. Roar Vestbø utliknar på ny etter corner.
Varegg går på nytt i leiinga. Fyrst 3-2 etter kontring og 4-2 etter sløvhet i etablert forsvar. Deretter er det Matias Møvik som viser fram skuddfoten sin og sørger for
4-3 og 4-4. Ein tett og jevn fyrsteomgang med 4 mål til kvart lag. Etter pause virker det som Øystese fortsatt er i garderoben i starten. Varegg scorer 3 raske til 7-4, blant anna eit flott soloraid frå midten gjennom heile Øystese sitt forsvar som avsluttes med å runde keeper. Nesten Maradonatakter over den scoringen.  Matias Møvik avslutter scoringsfesten etter at Roar Vestbø har gjort ein god jobb i forkant. 7-5 til Varegg over Øystese vert sluttresultatet.  Trenar Øyvind Olsen gjev kun Roar Vestbø og Joao Pereira godkjent i dagens kamp og er glad for at det fortsatt er ei stund til seriestart.