Tonny Tysnes som har scora mål på bestilling for Øystese dei siste åra vert ikkje å finne i den rollen i 2015.  Tonny var utlånt til Dale i fjor haust og redda Dale sin plass i 5 divisjon. Tonny har vore med Øystese i oppkjøringa til årets sesong men velger å trappe ned ein divisjon til Valestrand/Hjellvik som kunne tilby Tonny ein betre pakke enn det Øystese kunne.  Osterøy laget Valestrand/Hjellvik har dermed sikra seg ein solid forsterkning i 4 divisjon

Øystese Fotball ynskjer Tonny lykke til i Valestrand/Hjellvik