Øystese var i dag i nye og flotte Sotra Arena. Innendørs på perfekt kunstgrasmatte var det gode forhold for treningskamp mot Sotra. Sotra har levert sterke resultat i treningskampane med 2-1 over 2 divisjonslaget Fana, 4-1 over hardtsatsande Os og sist men ikkje minst 4-3 over Nest-Sotra frå 1 divisjon. Spesielt sigeren over naborival Nest Sotra var sterk.  Det var egentleg Odda som skulle møtt Sotra til kamp i dag. Men Sotra fekk avbud frå Odda på laurdag. Øystese stilte på kort varsel til kamp i Sotras nye innandørshall på søndag. Kort varsel pluss samtidig kamp for talent Øystese gjorde at kun 11 mann var klar til dagens treningskamp. Uansett kan kun 11 spele. Kristoffer Møvik bur for tida i Øystese i samband med praksis på videregåande og vart derfor henta inn som einaste reserve.
Sjølve kampen var jevn med fleire gode sjanser til begge lag. Gode keepere sørga for at det kun vart eit mål i dagens kamp. Øystese fekk den fyrste store sjansen etter ein horribel tversoverpasning i Sotra sitt forsvar. Roar Vestbø får ballen åleine på 16 meter og skyter like over. Samme mann kjem åleine med keeper seinare i omgangen men keeper er våken med på Roar sin lobb. Sotra har og ein kjempesjanse i 1 omgang då stjernespiss Aleksander Dang får nikke uforstyrra frå 3 meter, men ein enorm refleksredning hindra Sotra scoring. I andre omgang kjem Kristoffer Møvik inn for Arild Hammer til sin fyrste fotballkamp på 7-8 månader. Divaldo Cardoso nikker ein ball i nota etter eit frispark frå kanten men scoringa vert annulert for offside. Kort tid etter vert det scoring som ikkje vert annulert. Victor Carvalho som gjorde ein god kamp, tråkla seg gjennom nede på dødlinja får servert ut til Kristoffer Møvik som skyter i mål frå 14 meter. Det vert kampens einaste mål slik at Øystese vinn treningskampen 1-0