Dagens treningskamp mot Bjarg starta dårleg då Arild Hammer måtte ut med skade etter 3 min. Bjarg var klart best i første omgang og scorer to utan at Øystese klarer å kvittere. Første målet kommer etter svake klareringer på corner, og det andre kommer rett før pause som kontring på Øystese sin corner. Øystese legger om til 3-4-3 i pausen med skyhøyt press. Øystese tek då kontroll over kampen i starten av andre omgang og produserer fleire sjanser utan å få mål. På slutten klarer ikkje Øystese å oppretthalde det høge presset og får då mange kontringer i mot. På slutten er ein heldig som ikkje får fleire baklengs. Ein god Morten Madsen Skeie sørger for at det blir med dei to baklengsmåla frå fyrste omgang.  Bjarg vinn fortjent 2-0 medan Øystese må vente til serien starter for å få revansje