1 kvalikrunde i NM vart avvikla i dag.  Vadmyra gjesta Øystese for å komme seg eit skritt nærmare Ullevål.  Men det steget var det heimelaget som tok.  Kampen starta med mykje spel rundt midten og få sjanser til laga. Øystese tek leiinga på eit rotemål, men alle mål teller like mykje. Etter litt klabb og babb inne i feltet var det Tarjei Vevle som kunne druse inn 1-0 frå 2 meters hald. Etter målet holdt Øystese trykket oppe og dobla leiinga etter ein flott overgang. Vadmyra hadde frispark på kanten og mange mann oppe i Øystese sitt felt. Ein lang klarering enda opp på kanten hos Matias Møvik. Matias avanserer ned til dødlinja og legg ut til Marcelo Ribeiro som kan enkelt breiside inn 2-0. Etter pause fortsatte kampen i samme spor. Mykje spel og få sjanser til laga. Men Øystese mange hakk meir effektiv enn Vadmyra og har bra utelling på dei sjansane som var. 3-0 er det Matias Møvik som setter inn. Frispark på 25 meter er livsfarleg for motstander når Matias skal ta dei. Slik også i dag. Frisparket går inn til 3-0 via keeper og stanga. På slutten fastset Victor Carvalho resultatet til 4-0 og sørger for at Øystese vinn ein komfortabel siger.  Dermed er Øystese eit skritt nærmare Ullevål
2 kvalikrunde går onsdag 8 april