Mange av Øystese sine lag har starta sesongen 2015 bra. Det gjeld også juniorlaget som hadde sin fyrste seriekamp i dag. Motstander var Askøy. Øystese kom best i gong og tok leiinga då Sebastian Kyemo sprang frå alle. Åleine med keeper lobba han ballen fint i mål over keeper. Askøy utliknar etter litt kommunikasjonssvikt i forsvaret til Øystese. Øystese tek på nytt leiinga då Gøran Anderssen får stjernetreff frå ca 30 meter. Stolpe og inn, utagbart for keeper. Kjetil Dørum Lie aukar leiinga då han er påpassleg framme etter ein retur frå keeper. Askøy reduserer til 3-2 i andre omgang. Sjølv om Askøy jobber hardt for utlikninga kjem den aldri og heimelaget kan starte sesongen med tre poeng