Eit ungt Brann 2 lag gjest i dag Øystese. Fleire av dei unge Brannspelarane er på aldersbestemte landslag slik at det var meir enn tøff nok motstand sjølv om det var få A lagsspelarar som tok turen inn til Øystese.  Svært ballsikre Brannspelarar hadde eit lite overtak i banespelet men framfor mål kom Øystese til vel so farlege målsjanser. Nordfjordingen Oliver Rotihaug som nyleg vart teken ut på Norges G18 landslag scora dagens fyrste mål. Eit flott innlegg fekk eidaren Rotihaug nikka inn bak Morten Madsen Skeie. Øystese utlikna ved Matias Møvik. Som vanleg på frispark. Frisparket var frå omtrent 30 meters hald og når då Brannkeeperen ikkje følger med vert det tatt kjapt. Nede i hjørnet til 1-1.  Også i andre omgang vert det to mål. Fyrst er det vanligvis solide Divaldo Cardoso som scorer i feil mål. Ein ball i bakrom får han ei tå på men desverre medfører det at ballen går i ein bue over Morten i målet. Etter målet har Brann eit par feite sjanser til å auke leiinga men Øystese vert redda av stolpane to gongar. På slutten presser Øystese på for å utlikne. Klokka passerer 90 minutt og det ser mørkt ut. Øystese får ein corner i det 92 minutt og kaster fram alt og alle inklusiv keeper Morten Madsen Skeie. Med 22 mann inne i 16meteren er det Roar Vestbø som får nikka inn ballen til 2-2 til stor jubel blant dei godt over 200 Øystese supportarane.

Brann.no sitt innlegg frå kampen finn du her:
http://www.brann.no/news/article/f68kpx6sn7bc115iqq2tu7zlt/title/brann-2-mistet-seieren-pa-overtid

For dei som ikkje har sett høgdepunkt frå fyrste seriekampen mot Tertnes, er dei å finna her:
http://www.tertnes.no/senior-a/2015/04/14/apnet-sesongen-med-tap/

Neste kamp er cupkamp på onsdag kl 18.00 mot Åsane!