Onsdag 22 april kjem Åsane på besøk i samband med 1 runde i cupen. Åsane er for tida Vestlandets beste lag og leder OBOS ligaen med tre strake sigrar.  Åsane er einaste laget med full pott i årets OBOS liga. Lederlaget i OBOS ligaen har forsterka kraftig i vinter. Mange lovande unggutter er komen frå Brann. Eit par stykker har skifta frå det tredje lokale OBOS laget; Nest Sotra. Spesielt offensivt virker Åsane sterke. Dei to tidlegare Branntalenta Joachim Soltvedt og Håkon Lorentzen pluss fjorårets toppscorar Niklas Lerpold er ein trio som lukter mål. Joachim Soltvedt har scora i alle serierundane so langt. I bakhånd har dei også spissen som spelte i Sogndal i fjor; Kristoffer Nesse Stephensen. Her vil Øysteseforsvaret få kjørt seg. Anders Næs som var vekke sist seriekamp for Øystese pga Londontur er tilbake til denne kampen. Ettersom Arsenal vant er han i ekstra godt humør også. Ein annan som ventes tilbake for Øystese er midtbanemotoren Tarjei Vevle som vart skada i fyrste seriekamp men som no rapporteres på bedringens veg. Hans Berge jr som har tatt hans plass i fyrsteelleveren sliter med ryggproblem og måtte gå ut etter 10 minutt i sist seriekamp og er muligens ikkje disponibel til onsdagens kamp. For at Øystese skal ha den minste lille mulighet er ein avhengig av kraftig støtte frå publikum. Ta derfor turen på Øystese Stadion på onsdag kl 18.00 og sjå om Øystese kan detonere ei cupbombe