Morten Madsen Skeie holdt lenge Øystese inne i cupkampen mot Åsane. Fleire feberredninger sørga for at stillinga var 0-0 til pause. Sjølv om Åsane hadde mesteparten av spelet kom også Øystese til eit par småsjanser. Det var derfor god stemning blant dei ca 500 på tribunen. Like etter pause skjedde to ting som gjorde at oppgåva gjekk frå vanskeleg til umulig. Joao Pereira som fekk eit meget billeg gult kort i fyrste omgang felte ein Åsanespelar på midten. Nytt gult kort og utvisning. Øystese måtte derfor spele 43 minutt med ein mann mindre. I tillegg vert Anders Næs skada. Han speler videre men må ut i det 70 minutt. Etter kampen viser det seg at han har brudd i foten og har spelt ei stund med brudd i foten. Med 10 mann mot OBOS ligaens beste lag vert Øystese skikkeleg pressa tilbake. Morten Madsen Skeie sørger for at det kun vert to baklengs.  Åsane vinn kampen fortjent 2-0. Øystese får trøste seg med at det vert enklare motstand i serien.

 

Dette skriv andre om kampen:
Bt.no

Ba.no

Asanefotball.no