Arna/Bjørner gjesta i dag Øystese stadion. Det enda med ein kontrollert heimesiger. Øystese tok tidleg kommandoen i kampen. Matias Møvik var til stadig på farten og bortelaget måtte ty til ulovlege metoder for å stoppe han. Fyrst vert han felt inne i 16 meteren. Matias tek straffen sjølv og er som vanleg sikker. Deretter vert han felt utanfor 16 meteren. Men Matias er minst like farleg på frispark. Denne gongen vert det stang inn og 2-0 til Øystese. Matias har scora 5 mål på dei 4 fyrste kampane. Alle er på dødball. Etter 2-0 kontrollerte Øystese kampen. Arna/Bjørnar kom sjelden til farlege sjanser foran Morten Madsen Skeie i Øysteseburet. I staden punkterte Martell kampen med å gje Øystese 3-0 ti minutt før slutt.

Dagens mannskap

Keeper : Morten Madsen Skeie

Forsvar: Philip Eibakk (Aleksander Høvik inn i 78 min), Divaldo Cardoso, Anders Næs og Ronny Rojas

Midtbane: Hans Berge jr, Arild Hammer og Marcelo Ribeiro

Angrep: Matias Møvik , Roar Vestbø (Lars Henrik Hellingsrud inn i 80 min), Martell ( Marius Nernes inn i 88 min)