Fleire tunge forfall rett før kamp gjorde at Øystese måtte stille veldig ungt i dagens B kamp mot Hordabø/Radøy Manger. Den sentrale midtbanen bestod av  ein 14 åring (Mathias Johansen) ein 15 åring (Kjetil Dørum Lie) og ein 17 åring (Gøran Andersen). Eldstemann på Øystese 2 var 24 år gamle Alexander Høvik. Høvik var og den som skulle avgjere kampen. Sjølv om Øystese hadde mesteparten av banespelet stod resultatet 2-2 til det var att ca 8 minutt. 2 kjappe mål av Alexander gav Øystese sitt Blag sigeren 4-2 og tabelltopp i 6 divisjon